
Denne helga fekk me samla små og store til leir i strålande augustsol. Fjell-ly har vist seg som ein fantastisk stad for leir. Her finst romslege familierom i hotellstandard, eigen bowlinghall og gymsal, fotballbane, samt fleire småsalar til sosiale samlingar.
Matserveringa, med kjøkensjef Solveig Holth i spissen, er førsteklasses, med kvalitetsmat laga frå grunnen til alle måltid. Mange vart difor sitjande lenge i kjøkenssalen, og vart godt kjende medan både taco, risengrynsgraut, betasuppe og kylling vart sett til livs.
Ramma rundt helga var sjølvsagt det liturgiske livet, med bordbøner, kompletorium, morgonbøn, vesper og den guddommelege liturgien. Det er fantastisk å kunna møtast kvar dag i fellesskap framføre Guds åsyn, samt å få eit ekte møte med Gud under Den guddommelege liturgien.

På ein slik leir er det også tid til mykje sosialt liv, spel og moro. Ungane hadde det kjekt både ute og inne, med aktivitetar som basketball, fussball, biljard og bowling.

I tillegg hadde borna eigne opplegg: origami ved Yuko, filmkveld med godteri, spel og ymse anna.

Niklas leia ein populær leksjon i å knyta bønetau, noko han sjølv hadde lært av moder Elisabeth ved klosteret i Bussy.

Noko av det kjekkaste med ei slik helg er alle samtalane, både i plenum og på tomannshand. Møte mellom gamle kjende, utveksling av synspunkt på alt frå kvardagsliv, til politikk og teologi høyrer heime. Me var langt frå samde om alt, men det var likevel fint å merka at det ikkje rokkar ved einskapen i trua, i kyrkjelivet og i kjærleiken til kvarandre.

Kjærleik var også temaet for eit lærerikt foredrag ved vår eigen Addison Hodges Hart. Han har gitt ut mange teologiske bøker og viste seg som ein svært dyktig føredragshaldar.
Han viste at grekarane hadde fire ulike ord for kjærleik. Han la fram korleis storge (familiekjærleik), eros (den romantiske kjærleiken) og philos (kjærleik mellom vener) er naturlege former, medan den overnaturlege kjærleiken – agape – er den me kristne er kalla til å leva ut.

Med utgangspunkt i Johannes Cassianus sitt skilje mellom skopos og telos viste han korleis me i dette livet må retta blikket mot midla (skopos) som peikar fram mot målet (telos). Det blafra i biblar som på ein god, gamaldags bibelskule, og salen var full av spørsmål og refleksjonar etterpå.

Laurdagskveld såg me dokumentarfilmen om heilage Josef Hesykasten, som viste korleis det kan arta seg i praksis når eit liv fullt ut blir levd med agape og kjærleik til Gud.
Musikken sette òg sitt preg på leiren. Koret under leiing av Hallvard øvde flittig både til vesper og liturgien, og arbeidde med å perfeksjonera seg ytterlegare.

Ein ekstra bonus var å høyra ålesundarane sin bysantinske songstil, med salme 22 på norsk sett til bysantinsk tone 5 – ei flott oppleving!
I sola tok fleire turen opp til den vesle toppen Signalen, med utsyn over området. Ei slik vandring knyter saman natur, fellesskap og takksemd – eit lite stykke pilegrimsliv midt i helga.

Takk til alle som bidrog på leiren – me håpar suksessen kan bli gjentatt neste år!
