Lytt til fader Thomas forklare de 55 maximene sine selv på Ancient Faith Radio. Han laget denne listen etter å fått spørsmålet. Hvordan kan en leve et kristen liv på en praktisk måte.
- Ver alltid med Kristus og stol på Gud i alle ting.
- Be slik du kan, ikkje slik du trur du må.
- Ha ein gjennomførbar bøneregel som du disiplinerer deg til å gjennomføra.
- Sei Fadervår fleire gonger for dagen.
- Gjenta ei kort bøn når tankane dine ikkje er opptekne.
- Bøy deg til marka nokre gonger når du ber.
- Et sunn mat i moderasjon og fast på fastedagar.
- Praktiser å vera stille, både innvendig og utvendig.
- Sit i stille i mellom 20 til 30 minutt kvar dag.
- Utfør nestekjærlege gjerningar i løyndom.
- Gå regelmessig til gudstenester.
- Gå regelmessig til skrifte og ta del i den heilage nattverden.
- Ikkje gå i dialog med uvelkomne tankar og kjensler.
- Legg regelmessig alle dine tankar og kjensler fram for ein person du stolar på.
- Les den heilage skrifta regelmessig.
- Les gode bøker, litt om gongen.
- Ha fellesskap med helgenane.
- Ver ein vanleg person, ver ein av menneskeslekta.
- Ver høfleg mot alle, i første rekkje mot familiemedlemmer.
- Hald det reint og ha orden i heimen din.
- Ha ein sunn og helsebringande hobby.
- Tren regelmessig.
- Ta ein dag om gongen, ta ein ting om gongen.
- Ver fullstendig ærleg, først og framst med deg sjølv.
- Ver trufast i det små.
- Gjer arbeidet ditt, og gløym det så.
- Gjer det vanskelegaste og mest smertefulle først.
- Sjå røyndomen i augo.
- Ver takksam.
- Ha godt humør.
- Ver enkel, gøymt, stille og liten.
- Ikkje søk merksemd.
- Lytt når folk snakkar til deg.
- Ver vaken og merksam, fullt ut nærverande der du er.
- Ikkje tenk eller snakk om noko meir enn naudsynt.
- Snakk enkelt, klart, fast og direkte.
- Flykt frå fantasiar og overanalysering.
- Flykt frå det kjødelege, seksuelle så snart det dukkar opp.
- Ikkje klag, surmul, muml eller syt.
- Ikkje søk etter at nokon skal rosa deg, eller synast synd på deg.
- Samanlikn deg ikkje med nokon.
- Døm ingen for noko.
- Prøv ikkje å overtyda nokon om noko.
- Ikkje forsvar eller rettferdiggjer deg sjølv.
- Ver definert og bunden av Gud, ikkje av folk.
- Ta imot kritikk med mild aksept og undersøk kritikken grundig.
- Gje råd berre når du blir spurt eller når det er di plikt.
- Gjer ingenting for andre som dei kan og bør gjera sjølve.
- Ha eit dagleg tidsskjema over aktivitetar for å unngå det tilfeldige.
- Vis miskunn både mot deg sjølv og andre.
- Forvent ikkje anna enn å bli kraftig freista heilt til siste andedrag.
- Fokuser utelukkande på Gud og på lyset, og aldri på mørket, freistingar eller synd.
- Hald ut den prøvinga du sjølv og dine eigne feil representerer, ved Guds nåde.
- Når du ramlar, reis deg straks opp att og prøv på nytt.
- Ver ikkje redd for å spørja om hjelp når du treng det – utan frykt eller skam.
1 thought on “Fr. Thomas Hopkos 55 maximer”
Comments are closed.