Fr. Thomas Hopkos 55 maximer

Lytt til fader Thomas forklare de 55 maximene sine selv på Ancient Faith Radio. Han laget denne listen etter å fått spørsmålet. Hvordan kan en leve et kristen liv på en praktisk måte.

Fader Thomas Hopko sine 55 maximer illustrert i videoformat.
  1. Ver alltid med Kristus og stol på Gud i alle ting.
  2. Be slik du kan, ikkje slik du trur du må.
  3. Ha ein gjennomførbar bøneregel som du disiplinerer deg til å gjennomføra.
  4. Sei Fadervår fleire gonger for dagen.
  5. Gjenta ei kort bøn når tankane dine ikkje er opptekne.
  6. Bøy deg til marka nokre gonger når du ber.
  7. Et sunn mat i moderasjon og fast på fastedagar.
  8. Praktiser å vera stille, både innvendig og utvendig.
  9. Sit i stille i mellom 20 til 30 minutt kvar dag.
  10. Utfør nestekjærlege gjerningar i løyndom.
  11. Gå regelmessig til gudstenester.
  12. Gå regelmessig til skrifte og ta del i den heilage nattverden.
  13. Ikkje gå i dialog med uvelkomne tankar og kjensler.
  14. Legg regelmessig alle dine tankar og kjensler fram for ein person du stolar på.
  15. Les den heilage skrifta regelmessig.
  16. Les gode bøker, litt om gongen.
  17. Ha fellesskap med helgenane.
  18. Ver ein vanleg person, ver ein av menneskeslekta.
  19. Ver høfleg mot alle, i første rekkje mot familiemedlemmer.
  20. Hald det reint og ha orden i heimen din.
  21. Ha ein sunn og helsebringande hobby.
  22. Tren regelmessig.
  23. Ta ein dag om gongen, ta ein ting om gongen.
  24. Ver fullstendig ærleg, først og framst med deg sjølv.
  25. Ver trufast i det små.
  26. Gjer arbeidet ditt, og gløym det så.
  27. Gjer det vanskelegaste og mest smertefulle først.
  28. Sjå røyndomen i augo.
  29. Ver takksam.
  30. Ha godt humør.
  31. Ver enkel, gøymt, stille og liten.
  32. Ikkje søk merksemd.
  33. Lytt når folk snakkar til deg.
  34. Ver vaken og merksam, fullt ut nærverande der du er.
  35. Ikkje tenk eller snakk om noko meir enn naudsynt.
  36. Snakk enkelt, klart, fast og direkte.
  37. Flykt frå fantasiar og overanalysering.
  38. Flykt frå det kjødelege, seksuelle så snart det dukkar opp.
  39. Ikkje klag, surmul, muml eller syt.
  40. Ikkje søk etter at nokon skal rosa deg, eller synast synd på deg.
  41. Samanlikn deg ikkje med nokon.
  42. Døm ingen for noko.
  43. Prøv ikkje å overtyda nokon om noko.
  44. Ikkje forsvar eller rettferdiggjer deg sjølv.
  45. Ver definert og bunden av Gud, ikkje av folk.
  46. Ta imot kritikk med mild aksept og undersøk kritikken grundig.
  47. Gje råd berre når du blir spurt eller når det er di plikt.
  48. Gjer ingenting for andre som dei kan og bør gjera sjølve.
  49. Ha eit dagleg tidsskjema over aktivitetar for å unngå det tilfeldige.
  50. Vis miskunn både mot deg sjølv og andre.
  51. Forvent ikkje anna enn å bli kraftig freista heilt til siste andedrag.
  52. Fokuser utelukkande på Gud og på lyset, og aldri på mørket, freistingar eller synd.
  53. Hald ut den prøvinga du sjølv og dine eigne feil representerer, ved Guds nåde.
  54. Når du ramlar, reis deg straks opp att og prøv på nytt.
  55. Ver ikkje redd for å spørja om hjelp når du treng det – utan frykt eller skam.
Fr. Thomas Hopko, tidligere dean ved St. Vladimirs Orthodox Theological Seminary i New York

1 thought on “Fr. Thomas Hopkos 55 maximer

Comments are closed.

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close