På det heilage fjellet har lite endra seg på 1.000 år. Munkane her fortel om under og teikn som ein heilt normal del av livet.
Athos har blitt skildra som kanskje den staden i den bebudde verda som har endra seg minst dei siste 1.000 åra. Her lever munkane som dei gjorde i mellomalderen, i bøn og arbeid. Dei ortodokse munkane kjem hit for å via livet sitt heilt og fullt til Gud og ønskjer alt anna enn at den avsondra halvøya utan vegtilkomst skal bli ein turistattraksjon.
Likevel har klosterstaten nord i Hellas hatt ei forundereleg drakraft på menneske frå heile verda. Men med mindre du er ortodoks, er det ikkje noko sjølvsagt å få lov å koma på besøk. Då det berømte nyheitsmagasinet 60 Minutes (CBS) i 2009 ønskte å laga ein reportasje frå klosterhalvøya Athos, var svaret blankt nei. To år med førespurnader og forhandlingar tok det før eitt av klostera endeleg sa ja. Det er difor med ein viss angst og beven Dagens utsende set sin fot i Karyes, klosterstatens administrative senter sidan 1000-talet, og går til fots i retning Iviron-klosteret.
Heile artikkelen fra det spennende besøket til Athos kan lesast her. Videodokumentaren frå 60 minutes finn du under:
Lær mer om Den ortodokse kirke? – begynn her.