Fire familiar frå Bergen på pilegrimstur til fransk kloster

Reiseskildringa er skriven av Øystein Silouan Lid.

Tidlig morgon før sola vaknar høyrest lyden av ein semantron som kallar inn til dagens første bøn. Svartkledde nonner går mot klosterkyrkja og nokre av dei norske morgenfuglane slår følgje.

Me er på pilegrimsreise i ein liten fransk landsby, Bussy-en-Othe, 16 mil sør for Paris. Her ligg «Monastère Orthodoxe Notre Dame de Toute Protection», eit ortodokst kloster innvigd til Guds mors beskyttelse .

Pilegrimane har med seg 13 born i alderen 0 til 17 år og visse tilpassingar blir gjort for å gjera det som for mange er livets første besøk i eit kloster til ei god oppleving. Nokre søv frampå. Nokre kjem til kyrkja så fort søvnen slepp taket. 

Etter nokre dagar i klosteret glir me inn i klosterlivets rytme – på vårt vis. 

Nonnene tek imot oss med makelaus gjestfridom. Dei gjev oss husly, mat og alt me treng dei dagane me er der.

Dei gjev borna søtsaker og god mat for å gjera fastedagane litt lettare, og borna får også vera i eit eige «leikehus» når gudstenestene blir for lange. 

I kyrkja får borna vera med så mykje som dei sjølve vil. Dei får ta del i nattverden, dei får venerera dei mange flotte ikonane i klosterkyrkja og hl. Alexis av Ugine som ligg fremst i kyrkja. 

Ein dag får den jamvel den norske delegasjonen æra av å avlasta klosterkoret med norsk song.

Etter morgongudstenesta får me lov til å hjelpa med ulike oppgåver i klosteret. Den eine dagen pussar me messing i kyrkja, den andre plukkar me frukt i den store hagen, og takar lauv. 

Medan det er oktoberkaldt heime i Bergen, er det som ein norsk sommar i Bussy. Rundt 20 grader midt på dagen. Bøndene sår, samtidig med at det er frukt og valnøtter å hausta. Sommarblomar er det overalt. Det veks rosmarin og laurbær og andre velduftande urter kvar me vender oss.

Åndeleg rettleiing ved klosterets Igumena

Om ettermiddagane held den øvste leiaren (Igumena) i klosteret, moder Emiliani, samlingar med oss i hagen. I klosteret er det ho som har rangen, og ho gjev velsigninga til pilegrimane, sjølv om det er prestar til stades. 

Ho er ein erfaren åndeleg rettleiar og åndeleg dotter til heilage Sofrony av Athos og Essex. Det var han som ba henne om å reisa til klosteret i Bussy.

Det er fint å sjå samspelet mellom moder Emiliani og dei andre nonnene. Dei har ein enorm respekt for henne, og ho er på si side alt anna enn streng og krevjande. Istaden er ho varm og nær og full av visdomsord. Alle verkar falla til ro når ho kjem.

Me får stilla henne alle spørsmåla me lurar på. Om det åndelege livet, om bøn, om å vera del av ein ung og veksande menighet, om barneoppdraging.

«Korleis skal me finna balansen mellom å ta ungane med på lange gudstenester og å respektera fridomen deira?» spør eg. Ikkje vær for streng, rådar moder Emiliani. Alt for mange gonger har me sett born som har vakse opp i kyrkja som har falle frå fordi dei vart tvunge med når dei ikkje ville. Ho seier at det aller viktigaste me kan gjera for borna er å be for dei. 

Ho fortel ein historie om ein mann som hadde tre søner som alle vaks opp til å verta prestar. Kva gjorde du for å få så fromme og gode søner, ville nokon vita. Eg gjorde ingenting, svara mannen. Men då han vart pressa svarte han til slutt at han hadde for vane å be spesifikt for borna ein halvtime kvar einaste kveld. 

Møte med moder Elisabeth

Som dagens siste bøn i kyrkja ber nonnene felles Jesusbøn, etter modell frå klosteret i Essex som hl. Sofrony starta. Kyrkje er nesten heilt mørklagt, men bivokslys og bønelampar kastar sitt lys på gullbelagte ikonar.

«Herre Jesus Kristus Guds sønn, forbarm deg over meg» ber nonnene om att og om att. På fransk, engelsk, russisk og norsk. Sistnemnde språket er det moder Elisabeth som meistrar. Ho kjem nemleg frå Stavanger, og har ein brennande hjarte for dei truande i heimlandet.

Ho hjelper oss på alle måtar medan me er i klosteret. Køyrer oss til togstasjonen, viser oss rundt, introduserer oss til andre nonner, og gjev oss gåver. Ei rekkje ortodokse bøker på norsk gjev ho oss også. 

«Det er betre at bøkene kjem til nytte heime i Noreg, enn at dei støvar ned her. Eg har ikkje tid til å lesa i dei. Heldigvis har me Jesusbøna her i klosteret. Den ber me heile tida medan me arbeider. Bøn er vegen til kunnskap», seier moder Elisabeth. 

Moder Elisabeth viser oss inn i den andre kyrkja dei har i klosteret. Der ligg det ein relikvie av hl. Elisabeth som duftar svakt av ein himmelsk røyndom.

Som nonne har ho teke farvel med verden, og lever framføre Guds andlet med heile sitt liv,  i bønn for heile verda og i stadig arbeid. 

I klosteret er det ikkje noko TV. Borna speler kortspel og vrir på rubriks kube. Fleire av oss skrur heilt av mobiltelefonane. 

Nonnene presiserer at dei ikkje er teknologifiendtlege, men dei råder oss til å vera på vakt. Mykje av den åndelege kampen handlar om å kunna konsentrera seg og å kjempa mot distraksjonane. Og kva er ein større distraksjon i det moderne livet enn smarttelefonane våre? Moder Emiliani råder oss til å opptre klokt og vera varsame.

Moder Elisabeth fortel at når ho no ein sjeldan gong ser ei TV-sending no, verkar det sjokkarta. «Det er så sterkt og voldsomt», seier ho. 

Desse dagane i klosteret vil nok ingen av dei 21 nordmennene gløyma. Etter fem dagar er det nye gjester som ventar nonnene, og me må motvillig reisa vidare til den aldri sovande storbyen Paris.

Ei overrasking i katedralen

Det soleklare høydepunktet var å besøka Aleksander Nevskij-katedralen (innvigd 1861) for nokre av oss for første gong. Arkitekturen og kyrkjesongen er majestetisk.

Ei mandig bassrøyst gjev gjenklang gjennom heile rommet. Så ventar ei ny overrasking på oss. Vår kjære prest og reiseleiar, fader Theodor blir omslutta av prestar og plassert framføre biskop Jean.

«Dere kom hit denne morgenen for å feire med oss festen for Guds moders beskyttelse. Jeg ønsker velkommen alle pilegrimene som omslutter deg. Jeg kjenner din hengivenhet til kirken, til Kristi ord, til evangeliet og dets proklamasjon, i landet hvor du er, Norge», sa blant annet biskopen i sin tale til f. Theodor, som så vart elevert til rang av erkeprest.

Etterpå tek biskopen oss varmt i mot på fransk manér med kyss og varme smil og fantastisk fransk ost med druer til. Kontrasten mellom det inderlege og lågmælte klosterlivet og storbykatedralen er slåande og minnar oss om spennvidden som Den ortodokse kyrkja omfattar. 

Før me tek flyet heim til Noreg rekk me å sjå Eiffeltårnet og nokre av dei andre landemerka i byen. Det krev ein del trasking rundt om kring, om me er stadig omkransa av støyande bilar eller av store folkemengder som presser seg saman i ein fullstappa metro. Og det går ikkje lang tid før nokre av borna gjev uttrykk for at dei saknar det rolege klosterlivet i Bussy.

Comments are closed.

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close