Barneoppdragelse – få ord, men mye bønn

Av: hellige Porfyrios av Kafsokalyvia

Hl. Porfyrios (1906 – 1991), prestemunk på Athos, var kjent for sine åndelige gaver. Her med noen av hans åndelige barn.

Alt er mogleg ved bøn, stillheit og kjærleik. Har du forstått verknaden av bøn? Kjærleik i bøn, kjærleik i Kristus. Det er det som verkeleg kan vera til nytte. Så lenge du elskar borna berre med ein reint menneskeleg kjærleik – som ofte kan vera patologisk – vil borna bli forvirra, og oppførselen deira vil bli negativ. Men når kjærleiken mellom deg og borna er ein heilag og kristen kjærleik, då vil det ikkje bli noko problem. Heilaggjorde foreldre reddar borna. 

For at dette skal skje, må guddommeleg nåde virka i foreldrenes sjeler. Ingen kan bli heilag på eiga hand. Den same guddommelege nåden vil deretter opplysa, oppvarma og levandegjera barnesjelene. Folk frå utlandet ringjer meg ofte på telefonen og spør meg om borna og om saker som har med oppdraging å gjera. I dag ringde ei mor meg frå Milano og spurde meg korleis ho burde oppføra seg mot borna. Det eg sa til henne, var dette:

Be, og når du må, snakk til borna med kjærleik. Mykje bøn, og få ord. Mykje bøn og få ord til alle. Me må ikkje bli eit irritasjonsmoment, men heller be i løyndom, og så snakka.  Og Gud vil openberra i hjarto våre om dei har akseptert det me sa, eller ikkje. Dersom dei ikkje gjer det, berre ver stille. I staden vil me be innvendig. For dersom me snakkar i utide vil me bli eit irritasjonsmoment, og få andre til å reagera, eller til og med vekkja raseriet. Difor er det betre å snakka åndeleg til hjarta deira gjennom hemmeleg bøn, heller enn til øyrene.

Be, og så kan du seia noko. Det er det ein må gjera med borna. Dersom du konstant skal gje dei opplæring, vil du bli trøyttande. Når dei blir store, vil dei kjenna på ei form for undertrykking. Be heller, og snakk med dei gjennom bøn. Snakk med Gud, og Gud vil tala til hjarta deira. Du bør altså ikkje gje råd til borna med ei stemme som dei høyrer med øyrene. Sei: «Herre Jesus Kristus, gje ditt lys til mine born. Eg gjev dei over i di varetekt. Du gav dei til meg, men eg er svak og ute av stand til å gje dei rettleiing. I staden ber eg om at du måtte opplysa dei». Og Gud vil tala til dei, og så vil dei koma til erkjenninga: ”Å, nei, eg skulle ikkje ha gjort mamma opprørt på den måten”. Ved hjelp av Guds nåde, vil dette koma opp i hjartet deira.

Det er den mest fullkomne vegen. Mor snakkar med Gud, og Gud snakkar med borna. Konstant irettesetting, derimot, blir fort noko trugande. Og når barnet vert stort, kjem opprøret. Dei vil ta hemn, så å seia, overfor far eller mor som utsette det for tvang. Ein veg er den fullkomne – far og mors helging og kjærleik må få tala. Heilag utstråling, og ikkje menneskeleg innsats, er det som er best for borna. 

Dersom borna er traumatiserte eller såra på grunn av ein alvorleg situasjon, ikkje lat det påverka deg om dei reagerer på ein negativ måte eller snakkar frekt. Dei vil eigentleg ikkje vera slik, men greier ikkje å motstå det i vanskelege tider. Dei angrar etterpå. Men dersom du blir irritert og opprørt, blir du eitt med ei ond ånd, og alle blir såleis haldne for narr.

Oversatt av: Øystein Lid

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close