Eit positivt kvinnesyn i det tapte evangeliet om Jomfru Maria

Av: Øystein Silouan Lid

Dei sterkaste opplevingane eg har hatt i mitt 40 år lange liv har alle funne stad på fødestova på Haukeland. Den første gongen sit som spikra. Ein mann som aldri hadde halde ein baby før, fekk ein bylt i armane sine frå ei garva jordmor, medan snøen lava ned over Årstad kyrkje like utanfor. Det vart ei jente! Eit fantastisk, velskapt lite under.

På fødestovene skjer det små mirakel kvar einaste dag. Kor konkret og fysisk det gjekk til då Gud vart menneske, trur eg aldri gjekk opp for meg, før den dagen på Haukeland. Tenk at Guds son og Hans mor begge vart fødde som små og hjelpelause babyar.

I dag, 9. desember, feirar me i Den ortodokse kyrkja at Maria vart unnfanga. Som ei avgjerande brikke i den hemmelege slektslinja Gud hadde utvalt seg, er ho sanneleg verd å feirast. Og det er noko fint med å markera det i adventstida som del av førebuinga til Vår Herre Jesu Kristi lekamlege fødsel.

Historia om Jesu besteforeldre, Joakim og Anna, og korleis dei gledde seg over det vesle jentebarnet som tok sine første steg, kan lesast i Jakobs protoevangelium, skrive ned på midten av 100-talet. Truleg ei forteljinga overlevert munnleg før den tid.

I austkyrkja vart forteljinga om Maria møy svært populær (sjølv om teksten naturleg nok ikkje var på nivå med Den heilage skrifta i autoritet), og den greske teksten vart omsett til syrisk, etiopisk, georgisk, sahidisk, kyrkjeslavisk, armensk og arabisk.

Til norsk er teksten aldri vorten ordrett omsett (det eg kjenner til), men hovudtrekka i historia var likevel kjende gjennom attforteljingar omsett til norrønt rundt 1100-talet (Mariu saga). Og 9. desember vart seinare avsett til ein festdag for mor hennar, sankta Anna, noko primstavane ber vitnemål om.

Teksten held fram under biletet.

JESU MORMOR: Skulpturen av hl. Anna som har minnedag 9. desember, stod i Nes kirke i Fosen i mellomalderen. Foto: NTNU Foto: Per E. Fredriksen / Vitenskapsmuseet

Eit slåande trekk ved teksten er det me moderne menneske kanskje vil kalla det positive kvinnesynet. Hovudpersonen i teksten er eit etterlengta jentebarn, Maria, og far hennar let mora bestemma kva tid jenta skal gå til tempelet. Nett denne hendinga vart opphavet til festen «Marias tempelgang» som me ortodokse også feirar i adventstida.

I mange kulturar er det ikkje kome noko gledesrop når jordmødrene har slått fast at det vart ei jente. Kor frigjerande då å lesa Anna sine ord når ho får høyra kjønnet: «Min sjel er opphøyet! Hør, hør, dere tolv Israels stammer! Anna ammer et spedbarn». Vidare kan ein lesa om korleis heile Israel elska dette jentebarnet når ho sit og dinglar med beina i tempeltrappa.

Moderne forsking har mykje tvil å melda når det gjeld tekstens verdi som historisk kjelde. Det er likevel eit faktum at teksten vart overlevert av dei same tidlege kristne som snudde heile verda på hovudet gjennom si forkynning og gjennom sine liv. For ortodokse kristne er det eit sjølvstendig poeng at hovudtrekka i forteljinga også er bevart gjennom kyrkja sine hymner og festar.

I den ortodokse forfattaren Frederica Mathewes-Green si bok «The Lost Gospel of Mary», kan me lesa følgjande: «Uansett korleis me konkluderer om forteljingas historisitet, viser tekstens popularitet oss at dei tidlege kristne fann at det var lett å tru på at ei lita jente var verd å elska».

Noko av forklaringa til kristendommens tidlege suksess var nettopp familieverdiane, og at kvinner og jenter vart høgt verdsett, i motsetning til kva som var tilfelle i kulturen elles. Det aller fremste kvinnelege førebiletet var då Jesu Kristi mor som fekk tittelen «Gudføderske».

Kyrkjefaderen Johannes av Damaskus (676–780) omtalar hennar rolle slik i ein poetisk tekst:

«Hennar hender støtte dei fyrste stega til Han som støtte opp jorda, hennar lepper hjelpte Guds Ord å forma sine fyrste menneskelege ord.»

Å sjå fleire av desse trådane som til slutt samlar seg i Kristus og i joleevangeliet, har i alle fall gjort advent til ei endå rikare tid for meg. God advent!

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close