Kristendom hjelper ikke!

«Ærleg tala, dersom det var «hjelp» som var kriteriet, ville ein måtte innrømme at den livssentrerte sekularismen faktisk hjelper meir enn andre religionar gjer. For å måle krefter med han, må religionen presentere seg sjølv som ei «løysing på livet», «sjelesorg», «ny rikdom», han må publiserast på T-banar og bussar som eit verdsett tillegg til «din vennlege bank» og alle andre «vennlege seljarar»: prøv dette, det hjelper! Og den religiøse suksessen i sekularismen er så stor at han leier nokre kristne teologar til å gje opp heile kategorien for «det hinsidige», eller sagt med mykje enklare ord, heile tanken om «Gud». Dette er prisen vi må betale dersom vi vil bli «forstått» og «akseptert» av det moderne mennesket, proklamerer gnostikarane av det tjuande hundreåret.


Men det er her vi kjem til kjernen i saka. Det er ikkje hjelp som er kriteriet for kristendommen. Sanning er kriteriet. Hensikta med kristendommen er ikkje å hjelpe folk ved å forsone dei med døden, men å openberre Sanninga om livet og døden slik at folk kan verte frelste ved denne Sanninga. Men frelsa er ikkje berre vesensforskjellig frå hjelp, den er faktisk det motsette av hjelp. Kristendommen er i strid med religionen og sekularismen, ikkje fordi dei tilbyr «utilstrekkeleg hjelp», men nettopp fordi dei «strekker til», dei «fyller» menneska sine behov. Dersom hensikta med kristendommen var å ta bort dødsangsten frå mennesket, å forsone det med døden, ville det ikkje vere noko behov for kristendommen, for andre religionar har verkeleg klart dette betre enn kristendommen har. Og sekularismen er i ferd med å produsere menneske som gladeleg og sameinte vil døy – og ikkje berre leve – for å føre si kampsak til siger, kva enn den kampsaka måtte vere.

fader Alexander Schmeann

«Dersom hensikta med kristendommen var å ta bort dødsangsten frå mennesket, å forsone det med døden, ville det ikkje vere noko behov for kristendommen, for andre religionar har verkeleg klart dette betre enn kristendommen har.»


Kristendommen er ikkje ei forsoning med døden. Han er openberringa av døden, og han openberrar døden fordi døden er openberringa av Livet. Kristus er Livet. Og berre dersom Kristus er Livet, er døden det som kristendommen forkynner at han er, nemleg fienden som skal øydeleggjast, og ikkje eit «mysterium» som skal forklarast.»

f. Alexander Schmemann
Utdrag frå «Til liv for verda»

Det er i år 100 år siden fader Alexander ble født. Han sovnet inn 13. desember 1983.

Protopresbyter Alexander Schmemann
search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close