Eit mirakel julenatt i ein konsentrasjonsleir

Den kristne pastoren Richard Wurmbrand (1909 – 2001) (biletet over) sat i fengsel fleire gonger for trua si under det kommunistiske regimet i Romania. Under eitt av fengselsopphalda var han vitne til eit mirakel. Denne historia er henta frå ei av bøkene han har utgitt: «Fullfører løpet.»

«Då eg sat i fengsel vart eg eingong svært sjuk. Eg hadde tuberkolose på overflaten av båe lungene. Dessutan hadde eg diabetes, hjartefeil, gulsott og andre sjukdommar som eg ikkje ein gong kan hugsa. Eg var døden nær.

På høgre handa mi var det ein prest som heitte Iscu. Han var abbed i eit kloster. Denne mannen, som kanskje var i førtiåra, hadde vorte så torturert at han var døden nær. Men andletet hans var fredfylt. Han snakka om himmelvona han hadde, om kjærleiken til Kristus, om trua si. Han utstrålte glede.

På venstre sida var den kommunistiske torturisten som hadde torturert denne presten. Han hadde vorte arrestert av sine eigne kameratar. Ikkje tru avisene når dei seier at kommunistane berre hatar kristne eller jødar – det er ikkje sant. Dei berre hatar. Dei hatar alle. Dei hatar jødar, dei hatar kristne, dei hatar antisemittar, dei hatar ateistar, dei hatar alle. Den eine kommunisten hatar den andre. Dei kranglar seg i mellom, og då skjer det at den eine set den andre i fengsel og torturerer han, akkurat som dei ville ha gjort med ein kristen.

Og slik skjedde det at den kommunistiske torturisten som hadde torturert denne presten nesten til døde sjølv hadde vorten torturert av sine kameratar. Og han heldt på å døy rett ved sida av meg. Sjela hans var i nød.

Ein gong i løpet av natta vakna han meg og sa: «Pastor, ver så snill å be for meg. Eg kan ikkje døy, for eg har gjort så forferdelege brotsverk.»

Så såg eg eit mirakel. Eg såg den lidande presten kalla på to andre fangar. Og medan han lente seg på dei, gjekk han seint forbi senga mi, sette seg på sengekanten til denne mordaren og strauk han over hovudet. Eg vil aldri gløyma det. Eg såg ein myrda mann kjærteikna mordaren sin! Det er kjærleik.

Presten sa til mannen: «Du er ung, du visste ikkje kva du gjorde. Eg elskar deg av heile hjarta». Men han sa ikkje berre ordet «elskar», han elska verkeleg.

Deretter heldt han fram: «Dersom eg som er ein syndar kan elska deg så mykje, førestill deg Kristus, som er den inkarnerte kjærleiken, kor mykje Han elskar deg! Og alle dei Kristne som du har torturert, vit at dei tilgjev deg, dei elskar deg, og Kristus elskar deg. Han vil at du skal verta frelst meir enn du vil verta frelst. Du lurar på om dine synder kan verta tilgjevne. Han vil tilgi dine synder meir enn du vil at dine synder skal verta tilgjevne. Han vil at du skal vera med Han i himmelen mykje meir enn du vil vera i himmelen med Han. Han er kjærleik. Du treng berre angra og omvenda deg».

I denne fengselcella der det ikkje var noko plass for privatliv, overhøyrde eg skriftemålet til mordaren. Presten tilsa mannen deretter forlating for syndene.

Dei bad saman, gav kvarandre ein klem, og presten gjekk tilbake til senga si. Begge to døydde den same natta. Dette skjedde på jolaftan. Men denne jolaftanen minntest me ikkje berre at Jesus vart født for to tusen år sidan, men også at Jesus vart født i hjarta til ein kommunistisk mordar.»

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close